– Eg trur dei fleste i klassen vart happy då vi fekk vite det. På landsbasis ser vi jo at folk får lågare snitt etter å ha fått eksamenskarakterane.
Det seier Edel Maria Goksøyr (18), som er elevrådsrepresentant for klassen Vg3 påbygging til generell studiekompetanse ved Herøy vidaregåande skule.
Dei 27 elevane i klassen har berre nokre månadar igjen på skulen før dei er ferdige på skulen, og dei fleste av dei vil søkje studieplass på høgskule eller universitet. Karaktersnittet dei går ut med kan ha mykje å seie for kva skule og studie dei kjem inn på. No kan fleire puste litt lettare.
Normalt skulle alle avgangselevane ha avlagt skriftleg eksamen i norsk hovudmål. I tillegg kunne dei ha blitt trekte ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål eller matematikk.
– Dei fleste er nok glade for å sleppe matten. Personleg er eg glad for å sleppe eksamen i norsk sidemål, seier Goksøyr, som har som formål å gå sjukepleieudanning når ho er ferdig på vidaregåande.
Best på skulen
I tillegg til lockdown-perioden frå 13. mars i fjor, har elevane fått digital undervisning via programmet Teams i to veker på nyåret i år. Det har ikkje akkurat gitt meirsmak, meiner Edel.
– Personleg sakna eg det sosiale. Og for nokre trur eg det kan ha påverka kor godt dei lærer. Enkelte klarer rett og slett ikkje å fylgje med på Teams. Det vert ein annan kvalitet på undervisniniga, seier ho.
Det er klasselærar Hilda Pareliussen samd i.
– Det har gått greitt med Teams, men det kan nok ha påverka kvaliteten på undervisinga. Ikkje alle elevane har greid å logge seg på alle tider, seier ho.
– Rettferdig
Såleis synest dei to at avlysinga av skriftelg eksamen er rettferdig ovanfor dei mange norske elevane som har fått digital undervisning over lengre tid.
– Med tanke på korleis det vart i år, tenkjer eg at det var ei lur avgjersle. Noko anna hadde vore ganske urettferdig. No har elevane sjansen til å styrke standpunktkarakterane sine, avsluttar Hilda Pareliussen.