SpareBank 1 Søre Sunnmøre frykta det verste, men ...

- 95 prosent har betre råd

Dei trudde det kom til å bli stygt – med konkursar, arbeidsløyse og prisfall i bustadmarknaden. Men etter koronaåret 2020, sit lokalbanken igjen med tidenes beste driftsresultat.

Positivt overraska: Adm. direktør Stig Brautaset, banksjef Henning Karlsen (i Fosnavåg) og André Skotheim, banksjef for personalmarknad Søre Sunnmøre i SpareBank 1 Søre Sunnmøre fortel om eit betre driftsresultat enn nokon gong etter koronaåret 2020. 

Nyhende

Førebelse rekneskapstal viser eit resultat etter skatt på 122,9 millionar kroner for SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Det er rett nok 32 millionar kroner lågare enn året før, men det skuldast eine og åleine ein ekstraordinær gevinst etter ein fusjon mellom forsikringsselskapet til SpareBank 1-alliansen og DNB forsikring.