Reiselivsprosjektet går inn i ny fase, og:

Vår region skal bli kyst-turistane sin favoritt

Reiselivsprosjektet for Ytre Søre Sunnmøre er på veg over i ein ny fase. Målsettinga er at vi i 2030 skal bli den mest populære opplevingsregionen langs kysten.

Frå oppstarten: I januar i fjor, like før koronaen kom, vart det gjennomført oppstartsmøte fleire stadar. Dette er frå Åram, der Sande og Vanylven hadde møte i lag. Her var det veldig stor oppslutnad og stor interesse. Kommunedirektøren i Herøy vil særskilt framheve samarbeidsiveren i Vanylven, mellom folk i reiselivsnæringa, som eit døme til etterfølging.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Prosjektet fekk koronapandemien rett i fleisen ikkje så lenge etter oppstart. Slik sett er det imponerande å ha fått prosjektet på skjener. No gler vi oss til vegen vidare.