Aleksander Tarberg med forslag til samspel:

Håper på oppstart i år, kan bli mange meter ny Leineveg

Eit samspel mellom kommunen og fylket kan utløyse oppstart med utbetring av Leinevegen i løpet av året.

500 meter: Frå der vegen smalar inn, og i ei strekning på om lag 500 meter utover til Leite, vil Aleksander Tarberg ha utbetra Leinevegen gjennom eit samspel mellom kommunen og fylkeskommunen. – Med godvilje håper eg vi kan kome igang i løpet av året, seier han.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Utbetringa av krysset på Nærøya blei gjort gjennom ein avtale mellom kommunen og fylkeskommunen. Ein tilsvarande gjennomføringsavtale kan nyttast for å få til ei snarleg standardheving av fylkesvegen på Ytre Leine.