Ordføraren svara om dei kommunale byggefelta i Herøy:

Slik er tomtestatusen

I kommunestyret torsdag førre veke gjorde ordførar Bjørn Prytz opp status for dei kommunale byggefelta i kommunen. Kor mange tomter står ledige? Kva er prisen?

Bjørn Prytz: Ordføraren i Herøy informerte torsdag om korleis tomtestatusen er i dei kommunale bustadfelta. Han kunne opplyse om at i alt 47 tomter står ledige. Tre av dei er reserverte.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I kjølvatnet av budsjettarbeidet i fjor har Herøy Høgre, som tidlegare omtalt i Vestlandsnytt, kome med eit grunngjeve spørsmål til ordførar Bjørn Prytz (Ap) om tomtesituasjonen i kommunen. Dei vil kort og greitt ha ei oversikt over kor mange ledige tomter ein har i dei kommunale byggefelta, kvar dei ligg og kva pris dei ligg på. Samstundes ønskte dei at ordføraren drøfta både fordelar om ulemper ved at ein eventuelt skulle gi vekk nokre tomter gratis. Denne utfordringa svara Prytz på då kommunestyret var samla til årets fyrste møte førre veke.