Profilerer Herøy med film og gamle bilde

For snart ti år sidan lasta Eldar Ove Voldsund opp sin første video på YouTube. Siste året har kanalen hans hatt nær éin million avspelingar.

Storebuda på Eggesbøneset: Voldsund har kolorisert dette bildet av ein arbeidsgjeng i Fosnavåg. Her ser vi: Solbjørg Bendal, Andorra og Haldor Storhaug, Magnhild Skinnes, Lilly Hungnes, Synnøve Myklebust, Daniel Myklebust, Liv Larsen, Elida Skinnes, Gunvor Åkvik, Georg Monsholm, Einar Evanger og Hans Skinnes. Foto: privat 

Å profilere heimplassen min har vore ei sterk drivkraft.

Nyhende

Videoane til Eldar Ove Voldsund vert til «undervegs», men skal helst ha ei meining og fortelje ei historie. Mang ein gong har dei handla om fisketurar og aktivitet i Fosnavåg og Herøy elles.