Kvar ligg vi an i løypa med koronavaksinering?

Totalt har om lag 190 personar over 80 år fått koronavaksinen. Det betyr at vi er over halvvegs for denne gruppa, men framleis er det ein del som må vente litt til før dei får tildelt time.

Illustrasjonsfoto: Vaksinering 

Nyhende

– Denne veka får om lag 90 nye personar i aldersgruppa over 80 år si første dose av koronavaksinen, fortel vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø.

Dei aller fleste bebuarane ved omsorgssentera i Herøy kommune er no fullvaksinerte.

Neste veke (veke 7) er det venta at om lag 50 nye personar over 80 år får vaksinen. I tillegg er det alle dei som skal ha dose to.

– Deretter er siste melding at vi kan få noko færre vaksinar igjen i veke 8, men vi er heile tida førebudde på at det kan endre seg raskt, legg Ljones Kulø til.

Det er servicetorget som ringer alle over 80 år for å tildele time. Du som er mellom 18 og 79 år kan likevel starte med å førebu deg til vaksinasjon ved å registrere deg på nettsida.

Nærmare 2400 personar over 18 år har til no registrert seg for å førebu koronavaksinasjon.

Dersom du ønskjer å takke nei til vaksinen, set vi likevel stor pris på om du registrer svaret ditt i systemet. Dersom du registrerer deg på førehand vert også logistikken lettare for oss.