På rando-tur i havgapet

Kulde, klårvêr og kvite toppar lokkar skifolket til øyene. Vi tok turen til Runde for å prøve skiføret på fuglefjellet. Det var ei fantastisk oppleving.

Sjø­lukt: Kari Bre­vik frå Åle­sund nyt­te ski­tur med hav­ut­sikt sam­an med Elizabeth Eskeland frå Volda.  Foto: Linda Bakken

Nyhende

Ski til fjøresteinane i havgapet er sjeldan kost. Februar 2021 er eit unntak. Snøfall etterfølgd av sol og stabil kulde, gjev skihuga folk sjansen til å finne toppturar ein vanlegvis lyt nyte til fots. I år er fjellsida frå fuglefjellet oppkøyrd av skientusiastar.