Innspel om Langholmen til fritidsføremål

Langholmen ved Moltustranda blir lansert som eit nytt prosjekt med fritidsbustader i Herøy.

Langholmen: Dagens eigarar ønskjer ei arealmessig avklaring på om delar av Langholmen kan nyttast til fritidsføremål.  Foto: Sporstøl Arkitekter

Nyhende

Sameiget Langholmen skal etter planen avviklast. I den samanhengen ønskjer eigarane å få avklara om eventuelt nye eigarar kan nytte arealet til utbygging av eit fritidsområde, der delar av holmen kan vere byggeområde.