Forseinka med brannstasjonen

Arbeidet med den nye brannstasjon er forseinka og Herøy kommune ber om ein ny månad for å gjere stasjonen overtakingsklar.

Forseinka: Den nye brannstasjonen har blitt ein del forseinka og kommunen søkjer om utsett frist for å etterkome pålegg frå Arbeidstilsynet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Herøy kommune har enda ein gong søkt Arbeidstilsynet om utsett frist for å overta den nye brannstasjonen. Opphavleg hadde kommunen ein frist til ut 2020 med å etterkome pålegg frå Arbeidstilsynet med tanke på arbeidsforhold og hygiene for brannmannskapa.