Forlenga lånegaranti og avdragsutsetjing

Herøy kommunestyre godkjende torsdag at Sunnmørsbadet AS sine to lån i Kommunalbanken får auka nedbetalingstida frå 25 til 35 år.

Sunnmørsbadet: Badeanlegget i Herøy får forlenga lånegarantien. Arkivfoto 

Nyhende

Herøy kommune godtek vidare at garantien gjeld for ny løpetid 35 år pluss to år for samla restgjeld, kr 37.629.884, pluss/minus eit påslag på 10 %.