Stort etterslep i behandling av startlånsøknader:

– Ikkje slik det skal vere

Ein startlån-søkjar frå Herøy kommune har klaga til Statsforvaltaren på at søknadene hans ikkje blir behandla.

à jour i mai: Spesialrådgivar Jan Driveklepp beklagar den mangelfulle saksbehandlinga og tek sikte på at heile etterspelet på startlånsøknader skal ha fått si behandling når ein kjem til mai. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik. 

Nyhende

Av ulike årsaker, har Herøy kommune kome på etterskot med saksbehandlinga av søknader om såkalla startlån. Startlån er pengar som kommunane låner i Husbanken, for vidare utlån til dei som treng hjelp til å finansiere bustadprosjekt.