Kvamsøyingane ber om signal frå kommunen:

– Folk vurderer å flytte!

Stadige signal frå kommunen om mogleg skulenedlegging har tæra på tolmodet mellom kvamsøyingane.

Asbjørn Støylen: Leiaren i bygde- og næringslaget ropar eit kraftig varsku når det gjeld situasjonen med uvisse kring skulen. Laget ber no ordførar Olav Myklebust om tydelege signal.  Foto: Privat

Nyhende

– Det er fleire som har opplyst at dei tel på knappane no. Nokon har allereie starta prosessen som leier fram mot flytting. Dette er ein alvorleg situasjon, og vi håpar kommunen kan hjelpe oss med ei snarleg avklaring på situasjonen.