Felles politiråd samla for første gong:

Avklara satsingsområde

Ungdomskriminalitet, radikalisering og familievald er peika ut som fokus-område politiet i vårt område bør jobbe med i 2021.

Felles politiråd: Kommunedirektørar, ordførarar og næringslivskontaktar frå kommunane var til stades saman med politiet. Framme frå venstre ser vi lensmann Tor Sæter, politikontakt Jørn Fredriksen Larsen og næringslivskontakt i Sunnmøre politidistrikt, Øyvind Vebenstad.  Foto: Iselin Øvrelid/Herøy kommune

Nyhende

Fredag vart det nye felles politirådet for Herøy, Sande og Vanylven samla for første gong i Fosnavåg. Der vart kommunedirektørane, ordførarane og næringslivsaktørar mellom anna presenterte for sine politikontaktar i det viktige samarbeidet.