Legg samanslåingsdebatten om legesentera i Herøy død:

Legeplan med dagens ordning

Kommunestyret i Herøy sette torsdag strek over diskusjonen om å konsekvensutgreie eit samla legesenter. No ber dei om at ein startar arbeidet med ein legeplan med utgangspunkt i dagens legesenterstruktur.
Nyhende

Då saka var oppe torsdag kveld var det Karl-Oskar Sævik (Frp) som innleia med å heilt korrekt påpeike at dette ikkje var ei sak for eller imot eitt samla legesenter i kommunen. Dette handla eine og åleine om å konsekvensutgreie ei potensiell samanslåing av dei to legesentera i kommunen, og at ei eventuell avgjersle ville kunne kome fyrst etter det.