Utøvande musikarar er hardt råka av pandemien:

Lizz har selt tre gitarar

– Viss eg skriv ein fin song og tenkjer; «wow, denne kan slå an», så får eg ein liten opptur. Men så kjem ei rekning som eg ikkje har råd til å betale, og så treff eg veggen igjen.

Hamna mellom to stolar: «Lizz» alias Lisabeth Brekke Sylthe har opplevd å få heile livsgrunnlaget rive vekk som fylgje av koronapandemien. – Det hopar seg opp med rekningar, og for tida har eg ikkje kontroll, seier musikkartisten frå Kvamsøya.  Foto: Inbal Yona Levy

Nyhende

Lisabeth Brekke Sylthe (Lizz) er ikkje «sitt sedvanlege muntre eg» då Vestlandsnytt treffer henne på telefonen denne torsdags ettermiddagen.