Metizport har store ambisjonar:

– Vi skal kjempe i noregstoppen og skape breidde

Frå den spede byrjinga for to år sidan, og til i dag, har Metizport si satsing for alvor byrja å skyte fart. Med det siktar dei no på å bli ein toppklubb i Noreg og opparbeide eit breiddetilbod for e-sportsinteresserte i regionen.

Arjan Sakarias Dalsøren Sydhagen (17): Dagleg leiar i Metizport trur klubben har alle forutsetnadar for å kunne hevde seg i noregstoppen. Han vil elles ha fokus på å bygge opp breiddetilbodet framover.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi er no ein velorganisert klubb som er kjent langt utover fylkesgrensene.

Arjan Sydhagen Dalsøren
Nyhende

– Eg vil vere så dristig å seie at vi saman med Sykkylven IL E-sport har blitt pionerane når det kjem til feltet i vårt fylke.