Utfordrande oppgåve å finne nye prestar:

Slik løyser dei prestesituasjonen i Herøy og Sande framover

Å finne nye sokneprestar til Herøy har vist seg å vere utfordrande. Det reknar ein med blir tilfelle i også i leitinga etter arvtakar for pensjonert Sande-prest Sigmund Bjerkvik.

Prest og prost: Sigmund Bjerkvik pensjonerte seg i fjor og her ser vi eit bildeglimt frå då Bjerkvik vart takka av. Her er Sigmund iført den fantastiske messehakelen frå Sande kyrkje. Ingeborg Matre hadde mange rosande ord både om kyrkja og den avtroppande presten. No har ho, saman med Herøy og Sande ei utfordring framføre seg med å finne erstattar for både Bjerkvik og til dei to prestestillingane i Herøy. Arkivfoto: Endre Vorren 

Nyhende

Prost Ingeborg Matre forsikrar likevel om at kyrkjegjengarane skal få ein stabil situasjon fram til ein finn nye prestar.

Fredag var siste dag på jobben for sokneprest i Herøy Bjørn Leinebø. Hans avgang markerer at ein no går inn i ein spesiell situasjon i Herøy og Sande.

Utanom gode løysingar for vikarprestar, i begge kommunar, er det no slik at begge prestestillingane i Herøy og den einaste prestestillinga i Sande er ledige.

Den andre prestestillinga i Herøy har stått ledig sidan sokneprest Knut Magne Dalsbø melde overgang til Herøy frikyrkje. Sigmund Bjerkvik, sokneprest i Sande, gjekk av før nyttår.

I Herøy har ein allereie vore på jakt etter prestar, utan å ha lukkast med den jobben enno. Ein aktuell kandidat til ei av stillingane var på blokka, men har i etterkant trekt søknaden sin. Utover det har der ikkje vore aktuelle søkjarar endå, informerer prost i Søre Sunnmøre prosti Ingeborg Matre til Vestlandsnytt.

I Sande vil ein i løpet av kort tid gå ut med ei stillingsutlysing. Det er likevel venta at det også kan bli like utfordrande for Sande å finne ein permanent erstattar med det fyrste. Det er snakk om same jobbmarknaden som Herøy no søker i, og det er generelt ein mangel på prestar i landet vert vi forklart.

– Men vi er optimistar og satsar på at vi med tid kan finne kandidatar som vil jobbe i både Herøy og Sande, seier Matre.

– Går på oppgåva med krum hals

Også kyrkjeverja i Herøy, Marit Sævik Leinebø, konstaterer at det er utfordrande å finne kvalifiserte søkjarar. Men dei er, som prosten, optimistar på at ein skal finne ei løysing.

– Det er vanskeleg å få godt utdanna folk til å flytte til distriktet, så her må vi nok prøve å marknadsføre oss endå betre, seier Sævik Leinebø. Ho peiker på at dei nyleg har utarbeida ein video som er meint for å vise kyrkjelivet i Herøy og tiltrekkje seg søkjarar.

Av andre tiltak ein ser på for å gjere stillingane endå meir attraktive, er å sjå dei tidlegare sokna i Herøy litt meir under eitt, og at prestane kan vere litt meir «mobile» i kvar dei held sine gudstenester, informerer kyrkjeverja.

Attraktivt område

Marit er elles i liten tvil om at Herøy har mykje å tilby for tilflyttande prestar.

– Vi har ei av landets beste kyrkjer, med ein kvalifisert og god stab. Så denne oppgåva går vi på med krum hals, held ho fram.

Sævik Leinebø får støtte frå kyrkjeverje-kollega i Sande, Dorthe Nordahl i at ein har gode forhandlingskort å skilte med på Ytre Søre.

– Her ligg godt til rette for at vi kan rekruttere folk som er glade i natur og friluft, seier Nordahl i ein kommentar.

Ho er glad for at ein no lyser ut Sande-stillinga, og oppmodar om at folk som kjenner potensielle kandidatar om å informere dei om prestestillingane som nok vert utlyste.

Og vikarane er ...

Medan ein ventar på nye prestar har ein både i Herøy og Sande fått landa avtalar med vikarprestar. Både prosten og dei to kyrkjeverjene meiner erstattarane er godt kvalifisert.

I Sande har ein allereie stifta kjennskap med dalsfjordingen Ove Aksnes. Han har fått prestevikar-fullmakt frå biskopen og kjem til å bli verande i Sande i overskodeleg framtid. Akkurat kor lenge vil naturleg nok vere avhengig av korleis rekrutteringsarbeidet går.

I Herøy vil Kjell-Roger Isene vikariere som sokneprest i Indre før han i mars blir erstatta av ein utflytta herøyværing med røter til Leine, Solfrid Leinebø Seljås. 54-åringen er prest og busett i Askim i Østfold. Ho har fått permisjon frå sokneprest-vervet sitt i Trøgstad og Båstad kyrkjelyd i eitt år for å vere i Herøy.

Erstattar for Bjørn Leinebø er også på plass frå. Han heiter Rolf Schanke Eikum. Den pensjonerte ørstingen har tidlegare vore prost i Nordfjordeid.

– Vi håper på ein stabil situasjon fram til permanente erstatningar er på plass. Dette gir oss elles pusterom til å sjå meir på utfordringane med å få prestar til distriktet vårt, avsluttar Matre.