Overraska over prioritering frå Vanylven

Sandssokningane er forundra over at Vanylven ikkje har sett SaFast på prioritet.

Stussa: Det gjorde både ordførar Olav Myklebust og varaordførar Einar Ekroll.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Det er rart at Vanylven som vertskommune, ikkje prioriterer Sande Fastlandssamband. Dette vegsambandet kjem opp i fjøresteinane til Vanylven og vil heilt klart gagne også den kommunen. Vi bør snakke med Vanylven om dette, kommenterte varaordførar Einar Ekroll (Frp) i formannskapet.