Eit stort, stort hjartesukk frå Myrvåg omsorgssenter

Det er ei svært skuffa og frustrert personalgruppe ved Myrvåg omsorgsenter om dagen, etter å ha fått beskjed om at sommarferien vår skal tredelast, og at mange av oss berre får ta ut tre veker. Dette har vore bestemt over hovudet på oss, der vi tilsynelatande ikkje har hatt noko vi skulle sagt.

Her­øy kom­mu­ne: Opplever uro mellom tilsette i omsorgssektoren, etter administrativt vedteken omlegging av ferieplan/turnus.  Foto: Arkiv

Nyhende

Kommunedirektøren var innom på ein fagdag i haust og snakka så varmt om kor viktig han syns det var å samarbeide med dei tilsette og tillitsvalde. Er det på dette viset det går føre seg? Kommunestyret vedtok denne saka utan så mykje som ein diskusjon, i allefall slik det framgår i Vestlandsnytt. Dette trass i at vi la inn ein iherdig innsats i å informere kvar partileiar i våre synspunkt og kva konsekvensar dette ville ha for dei tilsette. Er vi så lite betydingsfulle? Er det slik at det som ikkje rammar ein sjølv direkte, er ikkje så nøye? Denne saka hadde utvilsomt aller flest høyringsvar, likevel var vi ikkje verd ein diskusjon ein gang. Vi kjenner oss veldig, veldig hjelpelause.

Skuleferien er i åtte veker. Det forslaget som er vedteke gir to av tre puljer anledning til å ha fire veker, men starten og slutten er før skulen sluttar på sommaren og etter skulen byrjar igjen. Dersom ordninga vert vidareført får ein to veker ferie neste år saman med skuleungen sin. Kven i allverda i Herøy kommune kan tenke seg ei slik ordning?? Kvifor skal ikkje det gjelde alle kommunalt tilsette?? Vi kjenner oss svært urettferdig behandla!

Likevel, dette handlar om så mykje meir enn å få SFO og skuleskyss til ungane våre. Det handlar om at de frårøvar oss verdifull tid ilag med familie, tid som vi har minimalt av ellers i året fordi vi er på arbeid når alle andre har fri. Høgtidene, uttallige kveldar og helgar. Og disse julekveldane eller påskeaftane, dei er spesielle på sin måte fordi vi set slik pris på arbeidet vårt og kollegiet vårt. Det betyr derimot IKKJE at det er greit å ta i frå oss det vi har minst av, nemlig ferie.

Vi har ei stor arbeidsmengde, høgt press og mykje ansvar. Pasientgruppa vi har er sjukare og meir kompleks. Vi treng fire veker samanhengande ferie for å faktisk ha utbytte av han.

Så får vi berre gi kommunestyret med kommunedirektør i spissen eit stort klapp på skuldra. De har klart å setje Herøy kommune på kartet med ei gamaldags og lite personalvennlig ferieordning. De har gitt seksjonsleiarane eit kjempeproblem med å få dekt opp ikkje berre sommarkabalen, men også dei resterande to vekene kvar tilsett har vår og haust, utan ein einaste student ledig til å jobbe. Kva tenker de om tilliten og tiltrua de viser seksjonsleiarane ved å vedta denne ordninga? Dei kjenner avdeling og system aller best og har sydd saman uttallige feriekabalar for at det skal verte faglig forsvarlig. Samtidig vert det aldri «sløsa» med for mange faglærte på jobb i ferieavviklinga. Dei er svært dyktige i arbeidet sitt og fortener å få halde fram med å vere akkurat det.

Vi hjelper kvarandre og er fleksible kvar sommar, med å byte vakter og jobbe ekstra kveldar og helger, for å sy saman ein forsvarleg turnus. Det er virkelig synd at takka for det skal vere ei slik ugunstig ferieordning. Vi har vanskelig for å forstå kven andre enn dei fast tilsette som vil måtte dekke opp dei ekstra ferievekene kvar enkelt har vår og haust. Korleis skal det i praksis gjennomførast, når det kjem i tillegg til oppdekkinga av det vanlege sjukefråveret?

Rekrutteringa til kommunen er vel innlysande. Sist, men ikkje minst, så får vi berømme nabokommunane rundt om som har gode ordningar som omhandlar både turnus og ferie for sine tilsette. Dette er vel neppe noko som vil kome Herøy kommune til gode i åra framover.

Dette er ei kraftig oppfordring til kommunedirektør og kommunestyre til å endre vedtak og gje oss tilbake ferien vår.