Prioriteringsliste skapte politisk diskusjon

Det verka å vere brei semje blant lokalpolitikarane om at Leine-Voldsund får fyrsteplassen på prioriteringslista frå Herøy til fylkeskommunen. Men det var mykje diskusjon kring korleis lista i seg sjølv skulle setjast opp.

Bjarne Kvalsvik: Sjølv om det ikkje er heilt «etter bestillinga» lurer Bjarne Kvalsvik på om det kan vere lurt å legge opp prioriteringslista over fylkekommunale vegprosjekt etter same mal som ein oppererer med på fylkeskommunen. Dette er noko ein vil sjå nærmare på inn mot kommunestyremøtet komande torsdag.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I formannskapsmøtet tysdag vart lokalpolitikarane nok ein gong bedne om å kome med si innstilling til ei prioritert liste over dei fem viktigaste fylkeskommunale vegprosjekta i kommunen. På bordet låg kommunedirektøren si innstilling saman med MTU si tilråding. Dei to er relativt like, og forskjellen er at fyrste og andre plass er byta om.