Koronatilfelle nummer 29 i Sande

Laurdag kunne kommuneoverlegen i Sande melde om endå ein person som er smitta av korona.

Meir korona-import i Sande: Laurdag 30. januar vart det registrert endå ein person med korona i Sande. 

Nyhende

Endå ein gong handlar det om ein person som har reist frå utlandet til Norge og Sande.

Det er nærliggande å tru at det dreier seg om ein person som kom til landet like før grensene vart stengde på fredag.

- Sju nærkontaktar er sette i karantene, heiter det frå kommunen.

Tradisjonen tru, når det gjeld slike meldingar, minner kommunen om smittevernråda som gjeld.


"Det er eit djuptgripande, men dessverre også nødvendig tiltak"

I den nyaste leiaren skriv redaktøren at det er tryggande å registrere at lokale smittevern-ansvarlege kan sjå ut til å ha kontroll over situasjonen.





Nesten alle tilfella i Sande skriv seg frå utanlandske gjestearbeiderar

Relativt sett er Sande mellom dei kommunane i fylket som har hatt flest tilfelle av koronasmitta.