No har Maria fått praksisplass

- Det er ein av dei båtane som stod øvst på ønskelista mi!

Maria Isabell Espeseth Sævik: 16-åringen frå Herøy har no fått praksisplass på ein av sine favorittbåtar.  Foto: Privat

Nyhende

Det skriv Maria Isabell Espeseth Sævik (16) i ei gladmelding til Vestlandsnytt dagen etter at vi publiserte saka om fiskeri-elevar ved Herøy vidaregåande skule som slit med å få seg praksisplass på båt på grunn av koronapandemien.

Maria, som var ei av dei som framleis stod utan plass kort tid før utplasseringsperioden, kunne fortelje at ho hadde ringt nær alle trålarar og linebåtar i heile Norge utan å få napp. I tillegg publiserte ho ein offentleg søknad på Facebook som vart delt om lag 150 gongar.

No kan ho heldigvis endeleg slappe av. Linebåten MS Seir (Haram), som er ein av Maria sine favorittar, har nemleg gitt ho plass.

– Seir er ein utruleg bra linebåt, skriv Maria glad.

Ho går om bord onsdag 3. februar.


Avslag etter avslag i jakta på praksisplass:

- Trur eg har ringt kvar einaste trålar og linebåt i Norge

I februar skal Naturbruk-elevane ved Herøy VGS på utplassering, og etter vinterferien er det VG2-elevane sin tur. Men i år kan det sjå mørkt ut for fleire.


Elles er der fleire fiskeri-elevar ved Herøy vgs. som framleis treng ein praksisplass å gå til når dei skal ha 4–6 veker utplassering høvesvis før og etter vinterferien.

– Tidlegare har det alltid ordna seg for alle, så dette er eit veldig spesielt år. Vi er takksame for dei reiarlaga som tek sjansen og finn løysingar saman med oss. Dette er fin og kjekk ungdom som har veldig lyst til å prøve seg på fiskeriyrket, og veldig mange av dei har også noko å bidra med, seier lærar på VG2, Heidi Eikrem.