Klare bestillingar frå helseavdelinga om legesituasjonen i Herøy:

– Legevaktordninga er berebjelken

Gjennom ei orientering i formannskapsmøte tysdag kom Helse og omsorg-avdelinga med klare bestillingar på kva Herøy må gjere for å stabilisere fastlegesituasjonen. Her står ein ny legeplan og ei løysing for legevaktordninga sentralt.

Jan Magne Remøy: Fastlegen meiner legevaktordninga er ein viktig grunn til at det er vanskeleg å skaffe fastlegar i Herøy. Dette er ei ordning som kjem i tillegg til ei full arbeidsveke. Kor stor arbeidmengda blir med tanke på legevakttenesta er eit viktig spørsmål som stadig blir stilt av potensielle legar, forklarte han for formannskapet.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Dei som orienterte i saka var avdelingsleiar for barn, familie og helse Runa Bakke, kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen og fastlege og legevaktansvarleg Jan Magne Remøy.