Slik vert kysthotellet på Sandshamn

Ein ferdig plan for hotellet som kjem på eigendomen til Rosenlund Hamn, ligg no på bordet. Men byggeprosjektet er forseinka.

Lagar mellomløysing i 2021-sesongen: Anlegget har nytt bryggeanlegg, og nytt konferanserom vil stå klart. Men hotell- og restaurantdelen er forseinka, og dermed må Anja Halsebakk & co vere ekstra kreative i år.  Foto: Arkivfoto / Endre Vorren

Nyhende

I samband med den komplette søknaden om byggeløyve som er sendt til Sande kommune, kjem det fram at hotellbygningen som eigendomsselskapet Ronja Eiendom AS skal føre opp, får 14 rom.