Avslag etter avslag i jakta på praksisplass:

- Trur eg har ringt kvar einaste trålar og linebåt i Norge

I februar skal Naturbruk-elevane ved Herøy VGS på utplassering, og etter vinterferien er det VG2-elevane sin tur. Men i år kan det sjå mørkt ut for fleire.

Maria Isabell Espeseth Sævik: 16-åringen frå Herøy får ikkje praksisplass på fiskebåt trass i at ho har mykje erfaring å vise til. Dei fleste skuldar på korona-pandemien.  Foto: Privat

Nyhende

– Eg har sendt ut mail og hatt fleirfaldige ringjerundar sidan desember. Eg har sikkert ringt rundt til alle trålarar og linebåtar i Norge!

Etter planen, skal Maria Isabell Espeseth Sævik (16) ha 4–6 veker utplassering på ein fiskebåt i februar/mars. Det er enklare sagt enn gjort.

– Det er mange båtar som er positive til at eg ringjer sjølv og viser interesse, men så er det dessverre fullt, og dei ber meg om å ringje igjen når det nærmar seg. Men no nærmar det seg mykje, fortvilar Maria, som har fått fri frå skulen denne tysdagen for å gjennomføre nok ein ringerunde.

Og Maria er slett ikkje den einaste som slit med å finne seg ein praksisplass. Dei fleste i klassen hennar (VG1 Naturbruk), har streva for å få napp i år, og framleis står nokre utan plass. Blant dei 14 VG2-elevane (fangs og fiske), har om lag halvparten lukkast så langt.

– Svara er dei same overalt; enten så vil dei ikkje ta om bord folk på grunn av korona, eller så er dei fullbooka – eller så er det eit problem at eg er jente.

Torsdag førre veke gjekk Maria så langt at ho skreiv ein offentleg søknad på Facebook. Innlegget er delt om lag 150 gongar, og Maria har fått fleire tips – til arbeidsplassar ho allereie har søkt på – men så langt har det ikkje medført noko hell.

Maria går VG1 Naturbruk på Herøy vgs.   Foto: Privat

– Kan gjere ein like god jobb som gutane

At ho er jente … Den avvisinga er kanskje spesielt hard å svelgje.

– Eg snakka med ein i mannskapet på ein av båtane eg søkte på. Han sa at han hadde foreslått ei jente til båten og fått til svar at skipperen og reiarlaget ikkje ville ha jenter om bord fordi dei berre "distraherer arbeidet", fortel ho, og held fram:

– Då vart eg litt sett ut, for eg synest ikkje at jenter gjer nokon dårlegare jobb enn gutar og menn. Eg er sjølvsagt fysisk svakare, men eg kan likevel jobbe raskt, og eg har veldig god arbeidsmoral. Eg er innstilt på å jobbe på lik linje med alle andre, seier Maria, som forresten er einaste jente i si klasse.

Dessutan kan Maria, trass i sin unge alder, skilte med mykje erfaring frå fiskeri.

– Første gong eg var med ut på sjø – på Nordsjøsilda – gjekk eg i 8. klasse. Og så har eg vore på NVG-silda, makrell og kolmule. Eg har også vore på sjark og fiska med snurrevad, fortel ho.


Ikkje nok med det; Maria jobbar også deltid på Egersund etter skuletid i vekene, der ho byggjer fiskerireiskap.

Draumen er ein gong å bli skipper.


Brukte arbeidsveka til kolmulefiske sørvest for Irland

Maria (14) vil bli skipper

Etter to veker på sjø, er Maria Sævik (14) endå sikrare på kva for yrkesveg ho vil gå.


Takksam for dei som bidreg

Kontaktlærar Heidi Eikrem på VG2 er litt uroleg for at ikkje alle elevane hennar, som er klare til å starte i yrket til våren, skal klare å finne seg praksisplass på fiskebåt.

– Det er mykje vanskelegare i år enn tidlegare, så vi byrjar å bli litt bekymra. Når elevane tek kontakt med fiskebåtane, så er det koronasituasjonen som er utfordringa. Ein er jo ikkje nøydd til å ta med seg elevar ut, så då er det tryggare å la det vere, seier ho.

Ifølgje læraren er det at elevane får prøvd seg på fiskebåt avgjerande for om dei er godt nok førebudd på det yrket dei skal ut i. Difor er både skulen og elevane særs takksame for dei reiarlaga og båtane som faktisk har tilbydd praksisplass.

– Vi er glade for dei som tek sjansen på å ta elevar om bord. Her er reiarlag som ringjer og spør om alt mogleg for å finne løysingar i lag med oss. Dei forstår verkeleg ansvaret sitt i høve til rekruttering. Dessutan er dette fin og kjekk ungdom som har veldig lyst til å prøve seg på fiskeriyrket. Veldig mange av dei har også noko å bidra med, seier ho.

Dersom elevane ikkje vert utplasserte på båtar, blir løysinga å finne seg ein landbasert praksisplass.

– Det kan til dømes vere på notbøteri, fiskemottak eller andre næringar som høyrer til fiskeriflåten. Det kan vere god læring i det og.

Oppdatering torsdag 28. januar: Dagen etter at denne saka vart publisert, vart Maria tilbydd praksisplass på linebåten M/S Seir.

- Det var ein av dei båtane som stod øvst på ønskelista mi, skriv Maria i ei gladmelding til Vestlandsnytt.

Ho går om bord onsdag 3. februar.