Nye leveringsdatoar for skipa til Havila Kystruten

Verftet i Tyrkia har kome med nye leveringsdatoar, og ut ifrå dei datoane, vil dei nye skipa til Havila Kystruten kome i drift frå sommaren av.

Klare til sommaren: Dei nye skipa til Havila Kystruten har 179 lugarer og plass til over 600 gjester. No vert dei to første skipa seglingsklare i løpet av sommaren.   Foto: den-belitsky

Nyhende

Skipa skulle segle frå nyttår, men koronapandemien har gitt verftet Tersan utfordringar. Det er restriksjonar frå styresmaktene knytt til mellom anna avgrensingar i reiseaktivitet og tidvis lockdown. Pandemien påverkar også underleverandørane med både forseinka utstyr og færre arbeidarar som kan vere på verftet.