Registrer deg for vaksinering

Vi vil at du som er mellom 18 og 79 år skal registrere deg for koronavaksinasjon på heimesida til Herøy kommune.
Nyhende

Samstundes som at vi frå neste veke startar vaksinasjon for alle over 80 år, førebur vi nemleg vaksinasjon for alle aldersgrupper og risikogrupper, tur etter tur.

Om du registrerer deg allereie no, vert det ein forenkla og meir effektiv prosess for både deg og oss når det er din tur å få tilbod om vaksine. Med enkle tastetrykk vil du sjølv kunne bestille time til vaksinering, der du får tildelt to timar samstundes. Dette er fordi du må få to dosar av koronavaksinen med minst tre veker mellom kvar dose.

Til dei som ikkje ønskjer vaksine

Vaksinen er frivillig, og du kan velje å reservere deg mot vaksinen i dette systemet. Om du vel å reservere deg, så kjem vi ikkje til å varsle deg når det er aldersgruppa di sin tur.

Er det lov å ombestemme seg?

Det er sjølvsagt lov å ombestemme seg, og ein kan då foreta registreringsprosessen på nytt og vi får beskjed om at du likevel ønskjer vaksine.