Snørydding og engasjement

- Frykta for at det er mogleg at nokon kan bli krenka, kan ikkje avgrense debatten, skriv redaktør Endre Vorren.

Trongt fortau: På begge sider av Vågsgata oppover frå Fosnavåg sentrum, låg brøytekanten langt opp på fortaua. Same dag som bildet vart teke, vart elles fortaua rydda. 

Nyhende

Då snøen kom etter nyttår – nærast som jula på kjerringa – var det litt kaotisk nokre dagar. Mykje snø, påfylgjande isdanning og opptil fleire kuldegrader gjorde jobben utfordrande for dei som har ansvaret for å rydde vekk slikt «fra gater og streder».

Det resulterte i eit stort engasjement frå folk. Nokre stadar var det betre rydda enn andre stadar, medan det enkelte plassar gjekk mange dagar før ein fekk vekk snø og is. Enkelte stadar finn vi framleis noko som treng etterrakst.

Vestlandsnytt tok opp saka i nettavisa og spurde kva lesarane synest om stoda. Vi tok særskilt opp Fosnavåg som bysentrum, men vi fekk også kommentarar til dømes frå landsbyen Larsnes, der snøryddinga kring legesenteret var under kritikk.


Vanskeleg føre mange stadar:

Dette er prioriteringslista for brøytebilane

Kvart år, når det kjem snø, fortvilar folk over vanskeleg føre. Særleg når det vert glatt. Og ofte er det kommunen som får skulda. Dette er ei lita sak om «ris og ros».


Nokre av kommentarane var negative til jobben som til då hadde vore gjort. Andre meinte dei ansvarlege gjorde ein framifrå innsats og at folk må syne litt meir tolmod. Vi fekk jamvel telefon frå ein entreprenør som meinte avisa dreiv med uthenging av snøryddarane. Vi sjekka kommentarfeltet, – men der var det ingen som gjekk over streken.


Klagar på snøryddinga

Folk klagar på mangelfull snørydding ved inngangen til Herøy helsestasjon.


Vi håpar vi aldri kjem dit at folk ikkje skal få kome til orde om kvaliteten på det som må reknast som ei offentleg teneste. Frykta for at det er mogleg at nokon kan bli krenka, kan ikkje avgrense debatten. Vedlikehald av vegane er ei offentleg oppgåve, og det må folk naturleg nok få meine noko om. Det handlar også om korleis ein bruker skattekronene.

Kva underteikna meiner? Snø og is er no for tida av eit så lite omfang at terskelen (snøhøgda) bør vere låg før ein går til aksjon. Då reduserer ein også moglegheita for seinare isdanning og vedvarande fare for dårleg framkomelegheit og folkehelse. Det er ikkje snørydding som øydelegg kommuneøkonomien her ute i havgapet. Tidleg innsats må gjelde også på dette feltet.