Inviterer til fagdag om covid-19 og eldre

"covid-19 og eldre" er tema når ein for første gong inviterer til heildigital fagdag i geriatri.
Nyhende

– Vi får høyre Gerhard Hauge og kona Kristi frå Sande kommune fortelje si historie. Gerhard var innlagt med covid-19 i vår, og var veldig dårleg. Kona hans var også smitta. Korleis opplevde dei desse månadane? Kva var viktig for dei i denne nye, og ukjente situasjonen? Ekteparet vil bli intervjua i studio (på høgskulen), av Stian Endresen, fortel koordinator i Sjustjerna helse og omsorg, Gro Anette Frøystad Voldsund i ei felles pressemelding frå dei sju kommunane på ytre søre.