Havyard skal utvikle eit nytt nullutsleppsfartøy for ein europeisk aktør

Ein europeisk aktør har hyra inn Havyard for å utvikle eit nytt skipskonsept for nullutslepp med hydrogendrift

På bilete frå venstre: Kristian Osnes, dagleg leiar i Havyard Hydrogen og Lars Conradi Andersen, Vice President Sales i Havyard Design & Solutions.   Foto: Havyard

Nyhende

I ei pressemelding heiter det at skipet skal drive med godstransport mellom europeiske hamner. Kravet er at det skal vere utsleppsfritt. Havyard blei først introdusert for den ikkje namngitte aktøren som partnar av Invest i Noreg. Dei har jobba med dette selskapet dei siste to åra for å støtte deira inngang til norsk maritim industri.