– Det trengst ein landsby for å oppdra eit barn

– Vi ønsker å gå tilbake til «landsbytankegangen». Vi må aktivere skulen, politikarane, foreldra og ungdommane. Då får vi det lokalsamfunnet vi ønsker.

MOT: Leon Romestrand, kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy og MOT-koordinator Mona Grethe Ryssevik.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Dette er ein av Leon Romestrand sine viktigaste bodskap då han vitjar Herøy kommune denne tysdags ettermiddagen, i kinosalen på Fosnavåg konserthus.