Tidlegare høyring under neste budsjettprosess

Kommunedirektør Trond Arne Aglen signaliserer at ein ved neste budsjettprosess i Herøy vil få høyringsinnspela inn tidlegare for å sørge for ei god politisk handsaming.

Trond Arne Aglen: Kommunedirektør. Foto. Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Under formannskapsmøtet førre veke, i eit grunngjeve spørsmål kring budsjettprosessen i Herøy i 2020, gjorde Høgre det klart at dei ikkje var heilt nøgde med prosessen kring høyringsinnspela som kom inn. Dei meinte innkomne høyringsinnspel kom inn for seint på bana og var for lite opplyste om til politikarane.