Endeleg eit par positive økonominyheiter i Sande

-Det såg ille ut i haust, og eg kan ikkje forskottere det endelege resultatet. Men vi ser heilt klart ein del økonomiske lyspunkt i det siste.

Inntektsglede: Mot slutten av året gav både fonda og skatteinntektene fine og litt uventa inntekter til Sande kommune. Her ser vi kommunedirektør Anders Hammer (t.h.) og formannskapsmedlem Dag Vaagen på møtet tysdag. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Det seier kommunedirektør i Sande, Anders Hammer, til Vestlandsnytt. Han orienterte denne veka formannskapet om den økonomiske stoda, utan at han verken kan eller vil spå det endelege resultatet for 2020.