Tre nærkontaktar smitta - er politimelde

- Tre av nærkontaktene til den smitta vi melde om torsdag, har fått positiv koronatest.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det skriv Sande kommune i ei pressemelding.

Alle nærkontaktane vart torsdag flytta til eigna karantenestad i Herøy og må no sitje i isolasjon der.

Smittesporinga i Sande avdekte at alle personane passerte grensa utan å teste seg innanfor 24 timar slik regelverket seier. Sande kommune melde frå til politiet sin operasjonssentral i går. Politiet fylgjer opp saka vidare.


Smittetilfelle nummer 4 i Sande i år

Kommuneoverlegen fekk i dag, torsdag, melding om ein person som er kome frå utlandet har avlagt positiv test for korona. Vedkomande vart testa 12. januar og sit no i isolasjon. Fire nærkontakter sit i karantene og blir oppfølgde med testing i ettermiddag av Sande legesenter. Dette skriv Sande kommune i ei oppdatering.



Ordføraren om smittesituasjonen i Sande:

Meiner å ha rimeleg bra kontroll på koronaen

– Eg skjønar at folk vert bekymra, men samstundes meiner eg Sande kommune har rimeleg bra kontroll på situasjonen.