Omfattande gjennomgang av budsjettprioriteringane i Herøy formannskap:

Marsjordre om å starte skulestrukturprosess

Borga vart nok ein gong diskusjonstema då kommunaldirektøren bad om presiseringar kring fleire vedtekne saker i samband med årets budsjett. No blir oppvekstutvalet bedne om å sette ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på skulestrukturen i kommunen.

Formannskapet: Lokalpolitikarane i formannskapet gav signal om at dei ønskjer at oppvekstutvalet skal sette ned ei gruppe som får i oppgåve å sjå på skulestrukturen i Herøy. Posisjonspartia meiner dette må på plass før ein tek ei endeleg avgjersle om ny Bergsøy skule. 

Nyhende

Etter at lokalpolitikarane i Herøy før jul vedtok budsjettet og økonomiplanen for dei komande åra, hadde kommunedirektør Trond Arne Aglen behov for å avklare korleis enkelte av dei vedtekne oppgåvene skal utførast, og følgjast opp. Det vart formannskapet si oppgåve å svare ut på tysdag. Aglen hadde på førehand gjort greie for korleis han har tolka «bestillingane» frå lokalpolitikarane, og dei fekk svare ut basert på det.