Gir løyve til flytebrygge i Haugsbygda

Nyhende

Sande kommune gjev forlenga løyve til flytebrygge på g/bnr 12/6 og 12/82 – Haugsbygda, heiter det i eit administrativt vedtak frå teknisk sektor. Mottakar er Hjalmar Hauge. Løyvet gjeld forlenging av eksisterande løyve til å ha flytebrygge utanfor eigedomane. Det er tidlegare gjeve løyve til å plassere flytebrygge på staden. Eigedomen er overteken av Hjalmar Hauge.