Herøy vasslag: - Ikkje realistisk med renseanlegg i Ytre Herøy

Moltufjellet: Her på Moltufjellet skal Herøy vasslag bygge nytt reinseanlegg for vatn til Ytre Herøy og trudde alle avtalar var på plass. Men så har enkeltgrunneigarar sett foten ned og meiner styret for grunneigarlaget har gått ut over sine fullmakter.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Herøy vasslag har brukt mykje tid på å greie ut alternative plasseringar av nytt vassbehandlinganlegg også i Ytre Herøy. Vi har konkludert med at dette ikkje er eit realistisk alternativ, skriv styreleiar Per Arne Gjerdsbakk i ein svar til Lennart Lillestøl som har klaga på plasseringa på Moltustranda på vegner av Moltustranda grunneigarlag. Gjerdsbakk slår fast at eit renseanlegg på Bergsøy eller Leinøy vil medføre langt større naturinngrep enn ved dagens anlegg på Moltu.