Snøproblem for Vågsbrua

Snøvêret har ført til at Vågsbrua i Fosnavåg måtte stengast.

snø: Sensorproblem som fylgje av det tette snøfallet har gjort at Vågsbrua no er mellombels stengd. 

Nyhende

Den nye gangbrua mellom Fosnavåg sentrum og Vågsholmen er stengd og vil truleg ikkje bli opna igjen før tidlegast fredag. Ifylgje Adrian Hjøringbø i Servi As er det det tette snøfallet som har sett automatikken på brua ut av spel.