Nedgang i det totale sakstalet i Møre og Romsdal, men...

Konfliktrådet opplevde auke i ungdomsoppfølginga med 33 prosent

Konfliktrådet Møre og Romsdal har hatt ein nedgang i talet på tilviste saker til mekling i 2020 – samanlikna med 2019.

Illustrasjonsfoto:  Foto: Konfliktrådet/Max Emanuelson

Nyhende

I ei pressemelding går det fram at rådet i alt tok imot 245 saker i 2020, mot 367 saker året før. Dette svarar til ein nedgang på 33 prosent. Samtidig har talet på ungdommar som er overført til ungdomsoppfølging auka med 33 prosent, går det fram i statistikken.