Kaifront tilgrisa med fiskefeitt på Vågsholmen

Vågsholmen 

Nyhende

Fiskefeitt på kaifronten kan ta vekk litt av idyllen med å bu så nær sjøen som dei nyinnflytta på Vågsholmen gjer. Er dette noko kommunen som kaieigar har tenkt å ta tak i, spør bebuarane i epost til kommunen med fleire illustrerande bilde. Her blir det opplyst at det ikkje berre er folket som bur der som reagerer, men også turgåarar som det har blitt mange av etter at brua kom.