Herøy fekk støtte - no etterlyser fylkeskommunen næringsutviklingsplan

Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommune fekk i 2016 600.000 kroner til å utarbeide ein marin næringsutviklingsplan for Søre Sunnmøre. No etterlyser fylkeskommunen høyringa av planen som skulle leggast ut fyrste halvdel av 2020. Fylket minner om at tilskotet kan bli kravd tilbakebetalt om ikkje prosjektet blir gjennomført i tråd med føresetnadene.