Først i verda med ny bruløysing frå NES

Brønnbåten Reisa, som Norsk Fisketransport fekk overlevert frå Havyard sist veke, er det fyrste skipet i verda med bruløysinga Raven INS.

Raven INS: Den nye brønnbåten til Norsk Fisketransport er det fyrste skipet i verda med Norwegian Electric Systems si totalintegrerte bruløysing Raven INS. T.v. overstyrmann Alexander Mathisen og skipper Sindre Waagø.  Foto: Børge Lorentzen, NFT.

Nyhende

Med Raven INS er har Havyard-selskapet Norwegian Electric System (NES) utvikla ei bruløysing med felles dataystem for brua i staden for at ulike programvarer blir sydde saman i ei løysing. Den integrerte brua gir enklare og meir fleksibel bruk, auka driftssikkerheit og er ei solid plattform for framtidas digitale og grøne revolusjon til sjøs, skriv NES i ei pressemelding.