Døydde få dagar etter vaksinering

Ein person busett ved Herøy omsorgssenter døydde måndag. Det er fem dagar etter første dose med vaksine mot covid-19.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det skriv Herøy kommune i ei pressemelding. Pårørande er varsla.

- Det er viktig for oss å avdekke om vaksineringa, og belastninga den kan ha medført, kan ha vore ei medverkande årsak til dødsfallet, i tillegg til personen sin helsetilstand, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Det er i samsvar med gjeldande regelverk sendt melding til Folkehelseinstituttet som vil ha ein grundig gjennomgang av dødsfallet.

54 personar har fått korona-vaksine i Herøy og Sande:

Her får Petter første dose

– Det var godt å få tatt han. Det var berre eit lite stikk.



Nytt tilfelle av korona har kome til Herøy

Fredag kveld kan Herøy kommune opplyse at også dei har fått årets første tilfelle av covid-19. Det skjer etter at nabokommunane Ulstein og Sande har hatt heile 12 koronatilfelle etter nyttår.



Vil du ta koronavaksinen?

Dette må vere i orden før du kan bli varsla om din tur

– Vi ber alle innbyggjarar over 18 år om å sjekke at dei er registrerte med mobiltelefonnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du ikkje er registrert, kan du gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon – og andre varslingar frå kommunen din.