Søndag blei nye Olympic Prawn døypt på Mjølstaneset:

– Det gir optimisme å kunne starte året med ny båt

Torsdag kveld la Stig Remøy sin nye reke- og fabrikktrålar for kvitfisk til kai ved Mjølstaneset, og søndag blei Olympic Prawn døypt. No ventar Barentshavet på fartøyet, som representerer siste skrik på teknologifronten.
Nyhende

– For meg var det veldig spesielt då han kom inn torsdags kveld. Det har byrja å bli ei stund sidan vi har hatt ein dåp no, samtidig som vi er inne i ei underleg tid. Derfor gir det optimisme å kunne starte 2021 med ein ny fiskebåt, seier Stig Remøy.