Herøy Høgre ber om tomteoversikt i Herøy og vil diskutere tilflytting:

– Bør vi tilby gratistomter?

Til det fyrste kommunestyret i januar ønskjer Herøy Høgre å sjå nærare på korleis ein kan skape meir tilflytting til kommunen. Det vil dei gjere gjennom ei drøfting av tomte- situasjonen i kommunen.

Tine Storøy: Herøy høgre legg opp til ei drøfting kring tomtesituasjonen i Herøy. Kvar er det tomter og kva kostar dei? Dette med meir ønskjer dei svar på under årets fyrste kommunestyremøte. Høgre lurer også på om det kunne vere ein ide å tilby tilflyttarar gratis tomter. Kva er fordelane og ulempene med det, spør dei ordføraren. Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

I fleire grunngjevne spørsmål til ordførar Bjørn Prytz (Ap) ber gruppeleiar i Høgre, Tine Storøy, om ei oversikt over kva ledige tomter ein har i Herøy i dag – og ikkje minst kvar desse tomtene ligg.