2020 blei ein strek i rekninga for kino og konserthus, men no ser Holum framover:

- Vi har klart å ha fokus på smittevern og klarer å drive under ein pandemi

Ikkje overraskande vart 2020 eit uår for kino- og konsertbransjen, noko vi naturleg nok ser lokalt også. Men no står eit nytt år for døra, og med det ventar nye moglegheiter.

Bjørn Holum: Arrangementsleiaren i Herøy kommune vil helst berre legge fjoråret bak seg, og vel å sjå optimistisk framover på det som han trur blir eit interessant år. Han vedkjenner likevel at det er vanskeleg å planlegge programmet med ein smittesituasjon som stadig endrar seg.   Foto: Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

– 2021 blir eit interessant år. Akkurat korleis det blir, er vanskeleg å spå. Det er heilt avhengig av korleis det går med pandemien.