Endå eit smittetilfelle i Herøy søndag kveld

Herøy kommune opplyser om endå ein person som er smitta av korona.

Andre i Herøy etter nyttår: Personen var i innreisekarantene og er sett i isolasjon. 

Nyhende

- Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19 ved innreise til Noreg. Personen var i innreisekarantene, og vert no sett i isolasjon, opplyser kommunen søndag klokka 18.30.

To personar er sett i smittekarantene i samband med dette tilfellet, melder kommuneoverlegen.

Det er meldt om fleire "innreise-smitta" personar i distriktet vårt etter nyttår.


Nytt tilfelle av korona har kome til Herøy

Fredag kveld kan Herøy kommune opplyse at også dei har fått årets første tilfelle av covid-19. Det skjer etter at nabokommunane Ulstein og Sande har hatt heile 12 koronatilfelle etter nyttår.