Vil framleis ha Stokksund på fyrsteplass

Strekninga Indre Herøy kyrkje – Stokksund bør framleis ha fyrsteprioritet for veginvesteringar i Herøy.

NUMMER TO: Leine-Voldsund har andreplassen på kommunedirektøren sitt forslag til dei fem viktigaste fylkesvegprosjekta i Herøy.   Foto: Foto: Bjørnar Torvholm Sævik.

Nyhende

Det meiner kommunedirektøren som no er klar med prioriteringsforslaget sitt til for- mannskapet. Her skal kommunen, etter oppmoding frå fylkeskommunen, melde inn dei fem viktigaste fylkesvegprosjekta i samband at investeringsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune skal rullerast.