Om turvegen som Gurskøy IL har søkt om å få bygge

TURVEG: Her er kartet over turvegen/turstien med skisse over prosjektet. Feltet med rosa skraveringslinjer er området som er sona for urørt natur.  Foto: Skisse: Gurskøy IL

Nyhende

Meiningane er mange om dette prosjektet, og heldigvis er det lov å vere ueinige og det må alle partar prøve å forhalde seg til.

Prosjektgruppa er IKKJE ute etter å «splitte» hverken bygd eller idrettslag. Vi i turgruppa arbeider ut frå eit mandat vedteke på årsmøtet i GIL i 2018.

Vi føler at vi har like rett, på lik linje som dei som er imot, til å stå på for våre ynskjer om eit prosjekt vi har stor tru på kan bli bra for dei fleste. For det er faktisk mange som ynskjer denne turvegen/stien, det viser alle tilbakemeldingane. Sjølv om det er meiningar om at vi ikkje har so mykje å ta oss til med, prøver vi, ved sida av jobb/hus og heim, å gjere noko positivt for bygda, kommunen og tilreisande. Eit slikt positivt resultat kom då lysløypa var ein realitet. Folk kjem langvegs frå for å gå på tur her, sommar som vinter.

Vi ser med dette behovet for å oppklare/informere om noko vi ser er ei samanblanding/mistyding av begrepet urørt natur. I fleire av dei offentlege dokumenta i postlista til kommunen, som angår denne saka, er dette begrepet brukt ofte. Mange trur då at turvegen, i si heilheit, er planlagd i sona innanfor urørt natur. Når det vert poengtert at ein skal forhalde seg til reelle definisjonar, vil vi her kome med ein reell definisjon/forklaring.

Urørt natur vert vanlegvis definert etter kor langt unna det er til «tyngre tekniske inngrep», f.eks høgspentlinjer på over 33kW. Er det meir enn ein kilometer unna, er området eit sokalla INON-område, som står for «inngrepsfrie naturområder i Norge».

For å presisere fakta vil vi her med eit kart vise kor mykje av turvegen/turstien som kjem inn på det området som er definert som urørt natur. Det som er merka med rosa er etter kartgrunnlaget den sona som er definert som urørt natur.

Frå Sætrekroa og opp i første bytet (som er privat grunn G.nr 78/3 og 4) er det 650 m, derifrå vidare ei strekning på 740 m (felles utmark G.nr 79 med 29 grunneigarar som har godkjent grunneigaravtalen for turstien). Dei siste 280 meterane kjem inn under det som i kartgrunnlaget (Gislink) er definert som urørt natur.

I parsellen, siste del på 280 m, er det i den reviderte søknaden søkt om å få bygge tursti og ikkje turveg. Denne vert på inntil ei breidde på max 1,5 m. Denne siste delen er tenkt som ei utbedring av eksisterande sti. Statusen for området urørt natur vil ikkje verte endra sjølv om der kjem ein tursti.

Turvegen/turstien skal ikkje lyssettast og det vert heller ikkje tillate med motorisert ferdsel. Det vil bli sett opp gjerder langs parkeringsplassen, og bom der turvegen/turstien startar.

Håper at dette kan vere oppklarande for mange som ikkje har satt seg heilt inn i planane og søknaden for turvegen/turstien.

Er det ellers nokon som lurer på noko, og vil ha innsyn i våre papir, so er dei tilgjengelege for kven som helst.

Om du vil ha innsyn i alle dokumenta som har kome inn til kommuna ang. denne saka så ligg dei på opa postliste på heimesida til Herøy kommune.

Turveg-gruppa, Gurskøy IL